Sigmund Sunnanå

Ein generasjon med omstilling

Det krev sin mann å hengja med på den revolusjonerande teknologiutviklinga Sigmund Sunnanå (89) har vore vitne til. Kva synest han eigentleg om at «alt» no skal gå føre seg på nettet?

Tekst: Cecilie Birkeland
Publisert: 31.1.2022

Teknologisk utvikling

Då Sigmund Sunnanå enno var ein ung gut, møtte han ein eldre mann på kaien på Mosterøy der han voks opp. Mannen var i det filosofiske hjørnet og delte sine tankar med Sigmund:

«No har me funne opp bilen og flyet. Då kan det umogleg vera meir att å finna opp.»

Sigmund humrar godt der han sit i godstolen, i si elektrisk oppvarma leilegheit, med TV-apparat, komfyr, vaskemaskin og full internettdekking. Historia har gjort mannens spådommar til skamme. Ingen generasjon har opplevd ei større teknologisk utvikling enn den Sigmund representerer.

Ein snittalder på nærmare 80

I desse dagar er det mange som tel på knappane om dei skal gjennomføra generalforsamlinga/årsmøtet digitalt eller som eit fysisk møte. Sigmund Sunnanå er styreleiar i sameiget der han bur, og har vore med på fleire digitale møte dei siste åra. Men å gjennomføra sameiget sitt årsmøte digitalt, har han ikkje tru på.

– Me har ei ganske høg gjennomsnittsalder her i blokka, nærare 80 år. Mange har ikkje pc, og dei ville vore avhengig av hjelp frå familie eller venner for å kunne delta, seier han, og legg til:

– Så med tanke på korona og smittevern, trur eg heller ikkje det hadde vore så heldig med digitalt årsmøte for oss.

Årsmøtet til Sameiget Øvre Stokkavei 44 blir som vanleg i blokka si kjellarstove. I alle fall nokre år til.

Er det nokon som vurderer å gjennomføra årsmøtet/generalforsamlinga digitalt?Les våre tips i denne artikkelen

Milevis frå klisjeen

Men sjølv om sameiget ikkje er klar til å ha digitale årsmøte, kan ikkje han sjølv eller andre i styret velja bort digitale løysingar. Med sine 89 år er Sigmund ein av dei eldste styreleiarane i bustadselskapa som Bate er forretningsførar for. Korleis har det vore når stadig fleire av oppgåvene må løysast digitalt?

– Eg tykkjer det har gått ganske greitt. Opplegget frå Bate blir stadig betre. Spesielt den siste vrien nå, kor me får sjå den økonomiske tilstanden i Portalen, er bra. Står eg fast, eller ikkje heilt forstår kva eg skal gjera, veit eg at eg får god hjelp hos Tone, rådgjevaren vår, seier han.

I leilegheita i sjuande etasje har han både PC og smarttelefon. I tillegg har han kontorplass på Universitetet i Stavanger der han kan nytta pc. Du skal ikkje snakka lenge med Sigmund for å forstå at han er milevis frå klisjeen om ein analog pensjonist med teknologivegring.

– Det er viktig å henga med. Og utviklinga har vore heilt utruleg. Eg skriv ein del, og har dei seinare åra vore redaktør for fleire årbøker, så for meg er PC-en eit fantastisk hjelpemiddel, seier han, og mimrar tilbake til starten av sin yrkeskarriære. Då skreiv me handskrivne manus som me leverte til «skrivedamer» som måtte gjera sitt beste for å tyda det me hadde skrive.

Sigmund Sunnanå
Foto: Mobilen er ikkje langt unna. Sigmund Sunnanå tar den opp fleire gonger om dagen, og brukar både Vipps, Facebook og nettaviser.

Vanskeleg å førestilla seg

– Er det noko som er spesielt vanskeleg med den nye teknologien?

– Nei, eg trur ikkje det. Eg er heldig som har barn og barnebarn som er godt oppdaterte og som kan hjelpa meg når eg står fast. «Det er jo så enkelt», seier dei, når dei viser kva eg kan gjera. Han er likevel glad mannen på kaien heime på Mosterøy ikkje fekk rett i sine spådommar. Det meste som har skjedd, er positivt, seier han.

– Me har ikkje berre hatt ei enorm teknologiutvikling, men også auka velstand og omfattande utvikling på dei fleste samfunnsområde. Det er heilt utruleg kva generasjonen min har opplevd, og kor heldige me er som har det så godt i dag. Det er vanskeleg å førestilla seg kva framtida vil bringa, men utviklinga vil nok gå sin gang.

Retro radiospillere
Teknologiutvikling i Sigmunds levetid

Ved starten av andre verdskrig hadde rundt 80 prosent av dei som budde i Norge elektrisitet. Men det skulle enno gå nokre år før folk byrja nytta elektrisiteten til oppvarming og praktiske oppgåver i heimen. Her er nokre milepælar i åra som følgde:

50-talet
Elektriske vaskemaskinar blir vanlege i norske heimar

60-talet
No blir og kjøleskap og dusjkabinett allemannseige. I tillegg kjem TV-apparatet med brask og bravur.

70-talet
Me får farge på TV-en og blir introdusert til personlige datamaskinar.

80-talet
Me får videospel, Walkman, og mobiltelefonar på 17 kilo.

90-talet
Internett har blitt utvikla sidan 60-talet, men med introduksjonen av World Wide Web blir det eit verktøy alle kan bruka. No blir det og vanleg å eige mobiltelefonar og DVD-spelarar.

2000-talet
Mobilane blir smarte, og me får 4G-dekning.

2010-talet
Nettbrett, strømmetenester, VR-briller, Bank ID og Vipps er nokre av oppfinningar som har gjort liva vore lettare det siste tiåret.